Renovasjon
Det er kommunen som tømmer hushaldsavfall frå der du bur, og som har ansvaret for å leggja til rette for kjeldesortering. Som eigar av ein eigedom betaler du kommunen eit renovasjonsgebyr.
Tenesteomtale
Avfallet ditt blir henta regelmessig og så godt det lèt seg gjera, utan sjenerande støy, lukt eller støv. Avfallsbehaldarane blir sette tilbake der dei var og grinder, portar og dører skal lukkast.
Kommunen skal sørgja for kjeldesortering og innsamling av avfall frå
- Mat
- Plast
- Papp og papir
- Glass og metall
- Hager og hekkar
- Tekstiler.
Kommunen er pliktig til å henta matavfall, plastavfall og papiravfall heime hos deg. Kommunen kan krevja at glas og metall, hageavfall og tekstilavfall blir levert ved returpunkt eller gjenvinningsstasjonar.
Målgruppe
Private hushald.
Pris for tenesta
Renovasjonsgebyret er fastsett i kommunal forskrift.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Dette er ei lovpålagd teneste. Kommunen fastset ei renovasjonsforskrift som omtaler ordninga og rettar og plikter for kommunen, abonnenten og renovatøren.
Sjå
Forurensingsloven § 30 Kommunal innsamling av husholdningsavfall
Avfallsforskrifta kapittel 10a.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Kommunen skal leggja til rette for kjeldesortering, medan alle hushald er pliktige til å sortera rett. Nokre døme på kva som høyrer inn under dei ulike avfallstypane er:
Matavfall
Kaffegrut, tørkepapir, skrottar, rekekall, feitt og matolje.
Plastavfall
Plastemballasje som du har skylt heilt tomt for restar, som sjampoflaske, innpakning for fisk eller kjøtt, druebeger, isboks, bobleplast
Papiravfall
Bok med mjuk perm, avis, vekeblad, brødposar i papir.
Glasavfall
Glassemballasje som du har skylt heilt tomt for restar, som syltetøyglas, glasflaske, hudkremkrukke i glas, medisinglas.
Metallavfall
Metallemballasje som du har skylt heilt tomt for restar, som hermetikkboksar, påleggstube i metall, syltetøylokk, drikkeboks utan pant, aliminiumsform.
Hageavfall
Gress, ugras, hageplantar, greiner, røter.
Tekstilavfall
Tekstiler skal sorterast anten som brukbare eller som øydelagde. Døme er bukser, sengetøy, handkle, skjerf, vottar, hattar, gardiner.
Høve til å klage
Ta kontakt med kommunen dersom avfallet ditt ikkje blir tømt.
Tjenesten oppdatert: 09.01.2025 12:17